Vellukka folkemøte om bibliotekplan

Første programpost var tre flotte musikkinnslag av Rustne menn frå Uskedalen. Trioen Rustne menn består av Svein Rimestad, Tore Nordahl-Pedersen og Kristian Bringedal. Deretter holdt Elin Golten, leiar for Bibliotekutvikling Vestland eit innlegg om biblioteket som møtestad. Her fekk me mellom andre høyre om biblioteket sitt samfunnsoppdrag, og korleis biblioteket har endra seg, særleg etter lovendringa i 2014 der det no er fokus på aktiv formidling og biblioteket som møteplass og arena for samtale og debatt.

Mange engasjerte innbyggjarar hadde møtt opp og ga nyttige innspel til bibliotekplanen. Vi hadde delt inn i 4 store bord: Tilboda våre, lokalet, bokbussen og blanda drops. Tusen takk for alle tilbakemeldingar. Det er viktige innspel til bibliotekplanen.

Fram til 1. juli har du framleis høve til vere med å påvirke, ved å svare på brukarundersøkinga vår.