Framside på boka Sognerosa. Bilete av gamalt skip og ei dame

Anne Karin Fonneland: Sognerosa

Dato

Tid

Stad

Kvinnherad bibliotek

Anne Karin Fonneland frå Sunde kjem til biblioteket for å fortelje om den siste boka si, Sognerosa.

Omtale av boka på forlaget: “Ingeborg Kristine og Lovise vert døypte med nokre vekers mellomrom i Vangsnes kyrkje i Sogn. Den eine vert skriven inn i kyrkjeboka som ægte, medan den andre vert ført inn som uægte. Dette skal få følgjer for dei to som veks opp i eit bygdemiljø prega av konfliktar mellom fastbuande og tilreisande. Det er ei tid med aukande turisme og endringar. Bondekultur med handverk, vevnad og treskjering møter bykultur. Til dei frodige bygdene kjem også båtbyggjarar frå Hardanger og Kvinnherad. Jentene får merka det yrande livet ved sjøkanten, handels- og gjestgjevarstadane.”