Slik låner du
For å låne på biblioteket må du ha eit bibliotekkort. Bibliotekkortet får du gratis på biblioteket. Kortet kan du bruke både på biblioteket og bokbussen, til digitale tenester og til å logge deg inn på meirope.
Lånekort
Du får bibliotekkort ved å registrere deg digitalt på Nasjonalbiblioteket si side bibliotekkortet.no.
Kom innom biblioteket om du treng hjelp og om du ynskjer fysisk bibliotekkort.
Lånereglane – gjeld både på biblioteket på Husnes og på Bokbussen
- Bibliotekkortet er gratis for alle.
- Vis legitimasjon ved innmelding.
- Du kan velje mellom eit lokalt og eit nasjonalt lånekort. Det lokale kan du berre bruke på Kvinnherad bibliotek, medan den nasjonale kan du bruke over heile landet. Skal du ha nasjonalt lånekort, må du opplyse om personnummeret ditt.
- Alle personar under 15 år må ha underskrift frå føresette for å få bibliotekkort.
- Hugs å melde adresseendring.
- Misser du lånekortet, kostar eit nytt kr 25,-
Lånetid
- Lånetid for bøker og tidsskrift er 4 veker. Filmar kan du berre låne 1 veke.
- Du kan fornye alle lån dersom det ikkje er venteliste. Det kan du gjera på telefon (940 23 757), på heimesida (www.kvinnheradbibliotek.no) eller via appen «Bibliofil».
- Dersom du ikkje held lånetida, vert det gebyr og eventuelt erstatningskrav. Purregebyret er på kr 25,- per varsel for lånarar over 18 år. Når samla purregebyr er på kr 100,- vert lånekortet sperra til gebyret er betalt.
Familiemappa
I familiemappa kan du få oversikt over alle lån frå alle medlemmer av mappa. Her er det òg mogleg å fornye lån.
Spør personalet om det er noko du lurar på.