Digitale tilbod

Biletsamling frå Kvinnherad
Søk etter lokale bileter frå heile kommunen. Her finn du fleire tusen bileter

Flipp
Flipp er ei abonnementsteneste som gjev deg fri tilgang til over 90 bestseljande magasin, vekeblad og teikneseriar frå Norge, Sverige og Danmark.
Besøk biblioteket og koble deg til wifi for gratis tilgong

Pressreader
Koble deg til biblioteket sin wifi og få tilgong til nye aviser og tidsskrift frå heile verda i komplett digital utgåve. Du kan lese på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin.

Pludrepodden
Høyr oss snakke om side 9 og anna gøy som skjer og har skjedd på biblioteket i vår podcast «Pludrepodden»

BookBites
BookBites gjer det enkelt å låna e-bøker og lydbøker gratis frå biblioteket.
Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket.
Stikk innom på biblioteket om du manglar lånekort.

Verdensbiblioteket
Verdensbiblioteket er eit digitalt biblioteket. Her finn du lydbøker og e-bøker på mange av dei store innvandrarspråka i Skandinavia. Du les og lyttar på sjølve nettsida. Det einaste du treng å gjere er å lage deg ein brukarprofil med hjelp av e-postadressa di.

Lesekroken
Leik, lær, syng og les eventyr på 22 ulike språk. Logg deg på ved å bruke publikumspassordet husnes16.
Les og ha det gøy!

Filmoteket
Biblioteket i Kvinnherad tilbyr strøyming av kvalitetsfilmar gjennom Filmoteket. Filmen kan sjåast på ei rekke einingar og i alle kjente nettlesarar. Du kan og overføre filmen til ein større skjerm via AirPlay og Chromecast.
Stikk innom oss om du manglar lånekort.

Bibliofil
I Bibliofil kan du administrere låna dine, betale purringar, samt få tilgong til Pressreader.