Frå 1. juni, og alle dagar fram til 31. august, kan alle 1. – 7.klassingar i Kvinnherad vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg. Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 166 000 barn over heile landet. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.
Sjølv om registrering av leste bøker stenger 31. august, så er ikkje Sommarles-eventyret over. Måndag 9. september kl 18:30 vert det Sommarlesfest på biblioteket. Her får me besøk av Roe Lauvås jr. som skal halde eit “super awsome” vitenshow for oss. Det gler me oss veldig til, og me håpar at brannalarmen ikkje vert utløyst undervegs. Han lovar eit show som er 100% lærerikt, 200% eksplosivt og 3000 % GØY!
Sommarles.no gjer det gøy å lese!
Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil med hjelp frå føresette. Om ein er usikker på lånekortnummer til barnet, så berre skriv 0 i dette feltet når ein opprettar brukar. På sommarles.no registrerer barna alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les. Det er ikkje berre bøker barnet sjølv les som kan registrerast på Sommarles, lydbøker og høgtlesing kan og registrerast.
Sommarles.no er for barn i skulestartar-alder og opp til barn som skal starte i 8. klasse til hausten. Sommarles varer fra 1. juni til 31. august.
Bøker elevar låner på Bokbussen i juni får lånetid fram til midten av september, så det er berre til å plukka med seg bøker for å lesa og registrera på sommarles.no i løpet av sommaren.
Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve. Ekstra poeng kan ein kan få ved å løyse tre oppgåver til kvart kapittel, samt ved å registrere kodeord ein finn på biblioteket. I historia i år er det noko mystisk som stjel hologram-vennen Vili og det vert opp til Astrid og Asbjørn å kjempa seg gjennom diverse spel for å redda den. Vil dei klare å redde Vili før det er for seint?
I tillegg til XP, kan barna óg gjere seg fortente til digitale trofé og kjekke premiar som kan hentast på biblioteket når dei kjem til level 10, 20 og 30! Premiar kan hentast på biblioteket og bokbussen fram til 15. september.
Sommarles.no er utvikla av Vestfold fylkesbibliotek og Snuti AS.