Ein eventyrforteljar sit i midten av ein ring av bøker og fortel eit eventyr til ein ivrig skribent. Bak forteljaren sit det ei med symaskin og ei med strikkepinner som slit med å jobba fort nok.

Faste tilbod

Språkkafé

Kvar måndag frå 19. august til 16. desember blir det språkkafé på biblioteket. På språkkafé møtes mennesker over ein kopp te eller kaffi og snakkar norsk med kvarandre. Nokre av deltakarane har språkkafé som ein del av sitt introduksjonsprogram for å øve seg på norsk i praksis. Alle er velkommen på språkkafé, uansett alder, nasjonalitet eller språknivå. Kom innom då vel!

Strikk og lytt

Kvar onsdag kl. 12 samlast vi til uformell drøs og høgtlesing over ein kaffikopp. Handarbeid er valfritt.

Eventyrstund

Kvar fredag kl. 11 inviterer biblioteket til høgtlesing for dei minste. Gje oss beskjed seinast dagen før om du kjem med ei gruppe.

Bokringar

Vi har ulike bokringar knytt til biblioteket. Ta kontakt med Anita om du ynskjer å vera med i ein bokring eller starta ein ny.

Kreativ skrivegruppe

Kom og treff andre som skriv. Vi har ulike skriveøvingar og deler tekstar med kvarandre. Kontakt Trude Hege for meir informasjon.

Symaskinar til bruk på biblioteket

Treng du sy i ein lapp på buksa di? Biblioteket har to symaskinar til bruk i biblioteket. Det du treng i tillegg til symaskin må du ta med sjølv.

Bokkassar for skule og barnehage

Fyll ut bestillingsskjema i god tid før du treng kassen. Hent på biblioteket eller så leverer vi med bokbussen neste gang vi køyrer forbi.

Besøk i biblioteket

Skuleklassar og andre grupper er hjarteleg velkomne på besøk i biblioteket. Ta kontakt med oss i god tid på førehand, slik at me kan leggja besøket best mogleg til rette.