Skriv ut på biblioteket med Princh
Kvinnherad bibliotek bruker løysinga Princh til utskrift. Du kan skriva ut frå eigen PC, publikums-PC, nettbrett eller telefon (iOS, Android) og betala for dine utskrifter på nettet.
På biblioteket kan du mot betaling bruke kopimaskina. Den tar A4- og A3-format. Me kan òg scanne til e-post, laminere og stemple «Rett kopi».
Bibliotekets unike ID-nummer: 100886
Korleis skriva ut frå publikums-PC?
Finn dokumenta ein vil skriva ut, trykk Skriv ut eller Ctrl+p som vanleg, og det dukkar opp ein dialogboks der ein trykker OK.
No kjem det opp ein ny dialogboks der ein kan velja om ein skal skriva ut i fargar eller svart/kvit, antal eksemplar, A4 eller A3 format, osb.
Prisen ein må betale står også der. Deretter må ein betale med kort (Visa, Mastercard) eller bestille utskrift (betale i skranken i opningstida). Betalar ein med kort på skjermen, kjem utskrifta ut etter nokre sekund. Veljer du «Bestill utskrift», må ein tilsett i skranken ta imot betalinga for deretter å «frigje» dokumenta.
Korleis skriva ut frå eigen PC?
Gå til nettsida print.princh.com. Skriv inn den 6-sifra koden til skrivaren, last opp dokumentet og juster innstillingane for utskrifta. Til slutt veljer du betalingsmåte. Du kan velje å betale direkte med Visa eller Mastercard, å benytte MobilePay eller bestille utskrift (betale i skranken). Utskriftene vil komme direkte ut om du vel kortbetaling, og du bør difor vera i biblioteket dersom du nyttar denne betalingsforma. Vel du kontantbetaling må ein ansatt i skranken ta imot betalinga for å «frigje» dokumenta.
Korleis skriva ut frå nettbrett eller mobiltelefon?
Last ned og installer appen Princh frå App Store eller Google Play. Når du har installert appen kan du skriva ut eigne lokale filer på din telefon eller nettbrett ved å dele dokumenta med Princh. Betaling foregår på samme måten som over.
NB! Valet med å bestilla utskrift og betale i skranken kan kun gjerast når biblioteket er bemanna. Under meiropent må betalinga skje på nettet eller i appen.
Skrivaren er plassert attmed veggen ved toaletta.
Pris for utskrift
A4 Svart/kvit | kr 5,- pr. side |
A4 Farge | kr 10,- pr. side |
A3 Svart/kvit | kr 10,- pr. side |
A3 Farge | kr 15,- pr.side |
Pris for kopiering og scanning
A4 Svart/kvit | kr 5,- |
A4 Svart/kvit tosidig | kr 8,- |
A4 Fargar | kr 10,- |
A4 Fargar tosidig | kr 15,- |
A3 Svart/kvit | kr 10,- |
A3 Svart/kvit tosidig | kr 15,- |
A3 Fargar | kr 20,- |
A3 Fargar tosidig | kr 30,- |
Scanning til e-post per adresse | kr 5,- |
Pris for laminering
A4 plast | kr 25,- |
A3 plast | kr 30,- |
Ved stempling av «Rett kopi» og underskrift | kr 5,- |