Etter ein vellukka generalprøve på biblioteket, er vi no godt i gang med turné ut til alle barnehagane med dei gøyale pingvinane Unni og Gunni. Vi har blitt tatt veldig godt i mot der vi har vore og det er så kjekt å reise rundt i kommunen vår og besøke barnehagane. No gler vi oss til resten av turnéen.
Anna B. Folkestad har skrive nokre flotte bøker om Unni og Gunni. Kvinnherad bibliotek har teke ei av bøkene og omforma den til figurteater med hjelp frå skodespelar og figurteaterentusiast Adele Duus.
Dokkene har vår eigen Hilde Gry Opheim laga, og dokkene vert ført av biblioteksjef Trude Hege Bergesen og barnebibliotekar Cecilie Elisabeth M. Vestbøstad. Ingvild Sandvik er forteljar i stykket. Og som om ikkje det var nok, så har bokbussjåfør Roland funne fram rockegitaren og “kompa” på lydspor og Rune Hommedal Eikemo har laga ein spitter ny Unni og Gunni-sang til oss!
Kom og bli med på Unni og Gunni sin tur ut i den store verda!
Vi på biblioteket vil gjerne takke Bibliotekutvikling Vestland og Nasjonalbiblioteket som har gjort dette mogleg, ved å løyve oss midlar til gjennomføring. I november og januar vil biblioteket reise på turné til alle barnehagane i kommunen med framsyninga. Dette er i samband med det fylkeskommunale formidlingsprosjektet “Leselyst med dei yngste”.
Sjå turnéoversikta her.