Januar er tida for å summere opp året som var, også for biblioteket. Og for nokre flotte tal! 74 000 besøkte biblioteket i 2024. Det er ein auke på besøket 8.8 %, 5,62 besøk pr. innbyggjar, noko som er monaleg meir enn landsgjennomsnittet i 2023 som var 4,78 pr innbygger. Vi kan ikkje vere anna enn supernøgde med dette.
Publikum er tilbake på arrangementa, vi har hatt fulle hus, særleg har haustsesongen vore heilt enorm. Til saman har vi hatt 162 arrangement der vi har vore arrangør, med heile 4 435 besøk, som er ny rekord. På nokre av arrangementa har det vore heilt “utsolgt” Dette skjedde i haust på Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen sitt foredrag om valet i U.S.A, på bokbadet med Marit Eikemo, Oddgeir Bruaset og Julekos med Anders Totland og Rune Eikemo. For barn vil vi trekke fram den årvisse Harry Potter-dagen og vår eigen figurteaterproduksjon av Unni og Gunni. Det har vore og er utrulig kjekt å reise rundt til barnehagane i kommunen på tampen av året og no i januar.
Vi vil også trekke fram ein veldig positiv ting i statistikken. Det er at vi har fått fleire unike lånarar mellom 14-18, frå 80 til 136, altså ein auke på 56 personer. Det er veldig bra at ungdomane også bruker biblioteket! For denne brukargruppa er særleg det å bruke biblioteket som studierom mykje brukt, og då gjerne også i ubetjente opningstider.
Utlånstala er ikkje heilt klare anno, då vi venter på tal frå eksterne. Men dei tala vi har ser lovande ut, og det ser ut til å bli meir utlån i 2024 enn i 2023.
![](https://kvinnheradbibliotek.no/wp-content/uploads/2025/01/471858483_989012326590570_633194331306136219_n-1-1024x768.jpg)