1. juni startar Sommarles 2025

Kjenner du nokon som er skulestartar til hausten, eller nokon som går i 1. – 7. klasse?

Frå 1. juni kan barna ved hjelp av foreldra, laga sin eigen profil på sommarles.no. Har ein laga profil tidlegare år, kan denne nyttast i år òg.

Sommarles er ein lesekampanje som ynskjer å halda lesekondisen til barna ved like gjennom sommaren. Her kan ein registrere alt ein har lest/lytta/blitt lest for gjennom sommaren og samle poeng. Bøker og sider ein har lese før 1. juni tel ikkje med i kampanjen. Ein kan og få poeng ved å lesa/lytta til sommarlesforteljinga Gåterullmysteria, svara på spørsmål til denne forteljinga, samt registrere kodeord som ein finn på biblioteket. Kvar veke kjem det eit nytt kodeord.

På level 10, 20 og 30 kan ein henta ein liten premie på biblioteket eller på bokbussen. Premiane kan hentast innan 15. september.

Håpar dine barn har lyst å bli med!

Meir informasjon om lesekampanjen kan du finna på sommarles.no