Jakta på sanninga

Vi lev i eit informasjonssamfunn prega av algoritmar, sosiale media, kunstig intelligens og kommersielle aktørar.  

Gjennom samtale og refleksjon, spel og interaktivitet gjev utstillinga «Jakta på sanninga» ei læringsoppleving til ungdom om dagens informasjonssamfunn i sosiale medium. 

I dag fortel feeden vår oss alt frå kva me skal eta til kva me bør stemma ved neste val. Men kan vi eigentleg stola på alt vi ser, høyrer og les? Og korleis kan vi vera sikre på at vi baserer vala våre på sann informasjon? 

Med konkrete eksempel frå ein digital kvardag skal utstillinga bidra til å styrka ungdommen sin kildekritiske kompetanse og mediemedvit i dagens informasjonssamfunn. 

Kvinnherad bibliotek har vore så heldige å vera vert for den digitale og interaktive utstillinga “Jakten på sannheten” fram til 26. November.

Utstillinga passar for alle, men er spesielt egna for ungdom frå 15-20 år. Utstillinga er digital og interaktiv, og består av skjermar med ulike oppgåver, samt eit refleksjonsspel og små refleksjonsvideoar via QR-kodar med tilhøyrande spørsmålsark. 

For å få tilgang til dei 4 digitale stasjonane treng du ein aktiveringsbrikke. Det ligg nokre aktiveringsbrikkar på eit stativ mellom skranken og den sjølvbetjente utlånsstasjonen. Hjarteleg velkomne til å utforske utstillinga!

Opplegget er utarbeida av Bergen offentlege bibliotek, Bibliotekutvikling Vestland og faktisk.no