Studentkveld
Studerer du på heiltid, desentralisert, nettbasert eller til dømes arbeidsplassbasert barnehagelærar? Då inviterer vi deg til ein triveleg kveld med pizza og prat på biblioteket i Kvinnherad.
Denne kvelden kan du:
- Bli kjent med andre studentar i kommunen.
- Få informasjon om kva biblioteket kan tilby deg som lokal student.
- Møte HVK Studiesenter og Kvinnherad Næringsservice.
- Nyte gratis pizza i godt lag.
Arrangementet er gratis og ope for alle studentar i Kvinnherad.
Det er eit samarbeid mellom Kvinnherad bibliotek, HVK Studiesenter og Kvinnherad Næringsservice.
Påmeldingsfrist: 29. september Meld deg på – vi håpar å sjå deg der.
Meld deg på
Velkomen til arrangement på Kvinnherad bibliotek- eit bibliotek med stor takhøgd!
