I løpet av hausten har 5 barnehagar fått del i det lesefremjande tiltaket tøyveskebiblioteket «Les med meg!», utvikla av Nordland fylkesbibliotek. Tiltaket går ut på at kvar deltakande barnehage får tildelt 10 tøyvesker, med 3-4 bøker i kvart nett, som foreldre og barn kan låne med seg heim i 14 dagar. Etter ca 3 månader i ein barnehage vert tøyveskene samla inn att via bokbussen, sett over på biblioteket og sendt vidare til neste barnehage. Veskene vil såleis rullere mellom barnehagane.
Tiltaket skal stimulere til meir lesing i heimane og styrke relasjonar, ordforråd, samhandling, empati og fantasi gjennom bøkene. I netta vil ein og finne brosjyrar med tips både på bøker og metodar for samlesing.
Foreløpig kan biblioteket berre tilby 5 barnehagar tilbodet om gangen, og netta er tilpassa alderen 3-6 år. Det krev auka ressursar til innkjøp for å utvide tilbodet, både for å auke til fleire barnehagar og for å auke tilbodet til dei yngste i barnehagen.
Tilbodet er godt motteke av barnehagane og vi gler oss over godt samarbeid.
God bok!

