Det gode mennesket i Sandvika : en roman

Denne korte romanen gjev assosiasjonar til Bertolt Brecht og litt Søren Kierkegaard, og er nok inspirert av forfattaren sitt eige liv. Handlinga foregår på ein brun pub i Sandvika der boka si forteljar sit og skriv på ein ny roman. Ho og hunden går dit ofte, det blir ei vane. Menneska ho møter der, fyrst berre klisjear nesten, dei fleste ventar på trygda kvar månad, då er puben mest folksam. Etterkvart har fleire av dei gjort uutslettelege inntrykk på hovudpersonen. Romanen er kvardagsleg og nesten stillferdig, men skildringane av både enkeltpersonar og til og med vær og vind, gjer at vi kjem nære desse menneska. Forteljinga seier sitt om korleis det er å leve i dag, kor forskjellige ståstad vi er på i livet. Vi er ikkje i same bås, forskjellane er store. Boka er til dels tragisk, men samtidig komisk på sin måte. Går fort å lese, men sit i ei god stund etterpå…på godt og vondt. Verdt å bruke nokre stille timar på..!

Omtalen er skriven av Ingvild, Kvinnherad bibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne