Norsk bibliotektransport konkurs

Grunna konkurs, kan ikkje Norsk bibliotektransport hjelpe biblioteket med transport av bøker mellom biblioteka. Før ny løysing kjem på plass, vil dette føre til at biblioteket i ein periode ikkje kan tilby fjernlån. Håpet er at ny transportordning vil komma på plass så snart som råd. Nasjonalbiblioteket og fylkesbiblioteksjefane er på saka.

I praksis vil det seie at me ikkje får inn bestilte bøker, eller får sendt avgårde bestilte bøker til andre bibliotek. Lånarar som har bøker frå andre bibliotek kan likevel levere bøkene inn til oss – me får berre ikkje sendt dei vidare med det første.