Er du skulestartar eller går i 1.-7. klasse? Då kan du bli med på den kulaste sommarleskampanjen i Noreg frå
1. juni til 31. august!
Lag din eigen profil på sommarles.no
Les sommarlesforteljinga, svar på spørsmål, skriv inn kodeord, les/høyr så mange bøker du vil fram til 31. august og saml poeng.
Nytt i år er at det er tida du brukar til lesing som gjev poeng – ikkje antal sider. Lesing før 1. juni 2026 skal ikkje registrerast.
Du kan henta premie på nivå 10, 20 og 30 på bibliotek og bokbuss over heile landet fram til 15. september.
Lånetida på bøkene du låner på bokbussen i juni vert utvida til 15.september.
Laurdag 29. august kl. 11:00 er alle sommarlesarane velkomne til Sommarlesfest. I år får vi besøk av Captain Frodo, og kanskje det dryssar nokre ekstra premiar på nokre av sommarlesarane våre?
Captain Frodos Magiske Sirkus er ei morosam og magisk framsyning for born og familiar! Her blir det trylling, sirkuskunstar og mykje latter – med spanande publikumsdeltaking undervegs. Captain Frodo viser korleis fantasi og kreativitet kan gjera det umoglege mogleg, og oppmuntrar borna til å tru på eigne draumar og idear.
Verdsartisten Captain Frodo jobbar delar av året i Las Vegas med Cirque Du Soleil og er kjend fra Dyreparkens Sirkus Jesper.
