Open lesesirkel – Den dagen Nils Vik Døde

Dato

Tid

Stad

Kvinnherad bibliotek

Velkomen til open lesesirkel på biblioteket! Dette er eit nytt og uforpliktande tilbod for deg som vil dele leseopplevingar med andre.

Første bok ut er Den dagen Nils Vik døde av Frode Grytten – ei stillferdig og sterk forteljing om liv, kjærleik og avskjed. Vi møter ein mann som berre har elska éi kvinne, og som framleis elskar henne, medan han legg ut på si siste reise.

Les boka – og opplev historia vidare:

Ei veke etter lesesirkelen, 17. september, blir romanen sett opp som teaterframsyning på Kulturhuset.

Open lesesirkel er eit uforpliktande og fleksibelt tilbod: bli med når det passar deg og når boka freistar.

Sikre deg gratis billett


Teaterframsyning

Om du vil sjå teaterframsyninga den 17. september, kan du kjøpe billett hos kulturhuset husnes

Kjøp billett

Gratis og ope for alle