Redusert bibliotektilbod som følgje av bemanningssituasjon

Kvinnherad bibliotek står i ein krevjande bemanningssituasjon. Biblioteket har 1,1 årsverk som ikkje vert lyste ut no. Det er førebels uavklart kva bemanning biblioteket vil ha etter årsskiftet.

Dette er dei mellombelse strakstiltaka som i første omgang vil gjelde fram til jul:

•             Biblioteket vert stengt for bemanna drift på fredagar.

•             Meirope bibliotek på fredagar vert redusert. Kun ubetjent (meirope) frå 16:00- 22:00

•             Kveldsope på tysdagar fell bort, og biblioteket stengjer kl. 16.00.

•             Bokbussruta kan bli redusert

•             Nokre arrangement og aktivitetar fell bort.

•             Vårprogrammet til biblioteket kan også bli påverka og bli annleis enn det publikum er vane med.

Biblioteket går inn i ein periode med mange planlagde arrangement, og vi vil prøve å gjennomføre desse så godt vi kan, men situasjonen gjer at Strikk og lytt, Harry Potter-dagen og aktivitetar på elevfrie dagar må takast ut av programmet.

Biblioteket vil så godt det let seg gjere yte service i ein krevjande bemanningssituasjon.