Astro-show med Knut Jørgen Røed Ødegård
Bli med på ei spektakulær reise ut i verdsrommet!
Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard tek oss med på ei fascinerande oppdagingsferd gjennom solsystemet og universet. Du får lære om planetar, stjerner og fenomen, og høyre om framtida: romheisar, reiser til asteroidebeltet og korleis det kan bli å dra til eit anna solsystem. Vi snakkar også om meteorittar – og du får kjenne på ekte steinar frå verdsrommet!
Det blir flotte bilete, filmar, animasjonar og musikkvideoar – alt tilpassa barn. Føredraget varer ca. 45 minutt, og det er lov å stille spørsmål undervegs.
Passer best for: barn mellom 6-10 år. Gratis
Billett i Hoopla: https://kvinnherad-bibliotek.hoopla.no/event/1251022381
