Bokbad med Marit Eikemo

Dato

Tid

Stad

Kvinnherad bibliotek

Marit Eikemo si siste bok, «Vi er brødrene Eikemo» har fått strålende kritikkar og i november kjem ho til biblioteket for å snakke om boka i samtale med biblioteksjef, Trude Hege Bergesen.

Marit Eikemo vaks sjølv opp i Berjaflotvegen 9, har no skrive ei underhaldande og rørande forteljing om eit hus, ein familie og industristaden Odda. Boka er ein sørgjesong og ei kjærleikshistorie om alt som går tapt, om det som formar oss og om krafta som held oss i live.

«Et hus, fem brødre – og eventyr av levd liv stiger fram. I Marit Eikemos elegante fortelling om egen familie er det alvor og kjærlighet, omsorg og humor … Eikemo tegner en familiehistorie få kan vise til og skaper en fortelling som utmerker seg … Her kan hun få sitt store gjennombrudd, for denne boken fortjener å bli lest av mange … Vi er brødrene Eikemo er en liten bok, men et storslått lerret av en fortelling fra et hjørne i Norges industristedshistorie.» Guri Hjeltnes, VG –  Terningkast 6
Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og leiar for Cornerteatret i Bergen. Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Sidan debuten har ho gitt ut til saman seks romanar. Ho har også skrive essayboka, Samtidsruinar, der m.a. gravlunda ved Valen sjukehus er omtalt.
Eikemo sine bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.

Dette må du ikkje gå glipp av!
Sikre deg ein billett no.

Sal av forfriskningar 🙂