Ferdig fremkalt. Boklansering 14. oktober kl 18:00 på biblioteket

Boklansering: Ferdig fremkalt

Dato

Tid

Stad

Året er 1893. Familien på biletet er leiglendingar under baroniet i Rosendal. Men kven var dei eigentleg? Korleis levde dei – og kva vart det av dei? Høyr forfattaren Trond Bogsnes fortelje frå om boka på biblioteket. 

Gjennom to verdskrigar, kjærleik og sorg, sjukdom og motgang, kvinnefrigjering og storpolitikk følgjer vi livet til familien, medan bygda rundt dei vert forvandla frå eit jordbrukssamfunn til ein moderne industristad i det nye Noreg.

Ferdig framkalla teiknar eit levande bilete av ei tid i endring, med sterke og dramatiske glimt frå Vestlandet og stader som Bergen, Oslo, Paris, Chicago, Valdres og Svalbard. Boka løftar òg fram ei ukjend historie om tilfeldigheiter som fekk avgjerande betydning for etableringa av aluminiumsverket på Husnes – ei av dei største industrisatsingane i Noreg.

Forteljinga byggjer på verkelege personar og hendingar, og er solid forankra i eit rikt kjeldemateriale.

Gratis Billett

Gratis. Høve til å kjøpe signert bok.