Den gode melodi – denne gongen med Vidar Sandbeck
Vidar Sandbeck – meir enn morosam
Alle hugsar «Pengegaloppen», og mange hugsar «Menuett i mai». Men Vidar Sandbeck har skrive mange andre viser som kjem fram att frå minnet når dei berre får litt hjelp. Vidar Sandbeck var ein mangfaldig kunstnar. Han var forfattar, komponist og poet, ein dugande fiolinist, og i tillegg ein dyktig treskjerar.
Mange hugsar han òg frå Barnetimen for dei minste.
Historia om Sandbeck er samstundes historia om landet vårt på 1900-talet. Frå oppveksten hans i små kår, prega av streik og klassekamp i eit lite skogbruks- og industrisamfunn, til eit kunstnarliv i det sosialdemokratiske Noreg etter krigen.
Denne framsyninga tek vare på dei lyriske og melankolske visene hans, som «Gråten sjø», i tillegg til dei humørfylte «Heksedans» og «Gull og grøne skogar».
I 2018 var det hundre år sidan Vidar Sandbeck vart fødd.
