Fagpraten: en snekkers dagbok
Tømrar Ole Thorstensen debuterte med ei bok om korleis han jobber, ei bok om arbeid, nærare bestemt snekring. Boka “En snekkers dagbok er forteljinga om eit loft. Enkelt og greitt! Frå snekkaren får den første telefonsamtalen med spørsmål om å legge inn anbod, til loftet står klart for innflytting. Det er tunge løft, flis i fingeren og frustrasjon når nye anbod glipp. Boka er også full av glede og stoltheit over å jobbe med eit handverk. Samtidig er dette en bok om arbeid og identitet, om å jobbe. Det er en forteljing frå den andre sida av forbrukarsamfunnet. Her er det produsenten som betraktar kunden og gir oss eit speil for våre holdningar til ein type arbeid vi er avhengige av. Frå arbeidet på loftet trekk forteljinga linjer ut i det norske samfunnet, og blir eit viktig innlegg i debatten om korleis det er å jobbe i et manuelt yrke.
Dette er det første arrangementet i biblioteket sin nye serie Fagpraten som tek for seg ulike yrker og fagtema, særleg knytt opp til manuelle fag og gjerne tradisjonelle yrker og handverk.