Foredrag med Håvard Lillethun: «Min reise ut av ein lukka sekt»
Korleis er det mogleg å bli fanga i ei lukka sekt – og kva skal til for å bryte fri? Håvard Lillethun levde i over 40 år som medlem av sekta Children of God, ei gruppe prega av streng kontroll, indoktrinering og brot med omverda.
I dette sterke og personlege foredraget deler han historia si: korleis han vart ein del av sekta, kvifor han blei verande så lenge – og kva som til slutt gjorde det mogleg å bryte ut. Men reisa slutta ikkje der. Det tok mange år å forstå kor djupt sekta hadde forma tankane og kjenslene hans, og korleis ein kan vere fysisk fri, men framleis mentalt fanga.
Foredraget handlar om tru, identitet og hjernevask – men aller mest om å finne tilbake til seg sjølv. Dette er ikkje berre ei historie om sekter, men om håp, mot og retten til å tenke fritt.
Etter foredraget blir det val av delegatar til årsmøtet i Hordaland regionlag. Alle medlemmar av Human-Etisk Forbund i Kvinnherad lokallag kan stille som delegat, og det er opp til medlemmane å avgjere kven som skal sendast.
Arr.: Human-Etisk Forbund Kvinnherad lokallag
Gratis og ope for alle som er interesserte.
Sikre deg gratis billett
