Hedda og Håken – livet brenn! Eit dramatisk eventyr med Johanne Øvstebø Tvedten
Gjer dykk klare for Johanne Øvstebø Tvedten si nyaste framsyning. Her koplar ho saman to kvinneskikkelsar som i starten har mykje til felles, men som endar i svært ulike skjebnar. Den eine er general-dattera Hedda i Henrik Ibsen sitt drama “Hedda Gabler”, den andre er kongsdattera i A & M sitt eventyr “Håken Borkenskjegg.” Begge er livstrøytte og frustrerte kvinner som nærmar seg 30 år. Den tronge ramma kring deira høge sosiale status innsnevrar liva deira, og dei kjedar seg. Raseri og destruksjon blir eit tidsfordriv. Men i eventyret blir prinsessa vikla saman med ein snedig prins som utset henne for mange prøvingar. Eller – kanskje han ser henne med nye auge og forstår kva ho verkeleg treng?