Karen Mowat – Gardsfrue, ikkje berre hustru

Dato

Tid

Stad

Kvinnherad bibliotek

Kvinnherad bibliotek inviterer til eit spennande foredrag med forfattar og lokalhistorikar Knut Rage om boka Karen Mowat og hennar slekt.

Karen Mowat, «frua til Rosendal», fekk aldri sjølv oppleva at det omfattande arvegodset hennar vart opphøgd til eit baroni. Som medlem av samfunnseliten på 1600-talet hadde ho ei spennande slektshistorie med røter i Skottland. Samstundes var livet med Ludvig Rosenkrantz prega av økonomiske utfordringar, og Karen måtte ta uvanlege grep for ei kvinne i si tid. I foredraget vil Knut Rage freista å belysa Karen Mowat sitt liv og virke frå ein feministisk synsvinkel, gjennom eit streiftog innom andre historiske kvinneskikkelsar frå Vestlandet på 1600-talet.

Arrangementet er gratis og ope for alle

Sikre deg gratis billett