Katrine Sele: Menn som nesten elska meg

Dato

Tid

Stad

Kvinnherad bibliotek

Vi inviterer til ein samtale mellom forfattar Katrine Sele og biblioteksjef Trude Hege Bergesen om den nye boka Menn som nesten elska meg – sju års lengt etter kjærleiken.

Då Katrine Sele skilde seg midt i førtiåra, blei ho kasta ut i kaos – einsemd, økonomiske bekymringar og frykta for å ikkje strekke til som mor. Men snart tok lengten etter kjærleik over. I denne ærlege og sårbare memoaren skildrar ho sju år med dating, forelskingar og kjærleikssorger, og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv. Boka reflekterer over kva kjærleik og sex eigentleg betyr, og korleis ein kan kome seg gjennom hjartesorg – med hjelp frå både eigne erfaringar og litteratur.

Kritikarane har kalla boka både modig og gjenkjenneleg – ei underhaldande og inspirerande skildring av livet som singel og lengtande i vår tid.

Billett 100,-
Sikre deg billett