Illustrasjonsbilete av foredragshaldar Jo Rune Ugulen Kristiansen og bilete av gamalt bok nesten i oppløysing

Laurdagsforedrag om Magnus Lagabøtes landslov

Dato

Tid

Stad

Kvinnherad bibliotek

Gjennom alle tider har menneska drive matauk ved å fiske, jakte, fangst, plukke bær og andre vekstar. Det var ikkje annleis i mellomalderen i Noreg. Jo Rune Ugulen Kristiansen vil fortelje om på kva måtar lova regulerte korleis ein kunne og skulle hauste av naturen. Der det er mogleg, vil han trekke inn lokale døme frå det skriftlege kjeldematerialet.

Jo Rune Ugulen Kristiansen er historikar, og har nyleg omsett Landslova til bokmål i samband med det nasjonale 750-årsjubileumet. Til dagleg er han tilsett i Arkivverket, der han i hovudsak arbeider med kjeldemateriale frå mellomalderen.
Boka med landslova, som han har omsett: https://www.nb.no/nettbutikk/produkt/folkeutgave-magnus-lagabotes-landslov/