Bilete med teksten Naturpardokset og dato 2. oktober kl. 18.00 og bilete av forsida på boka Naturpaadokset og forfattaren av boka Marit Beate Kasin

Naturkafé – møt forfattaren av Naturparadokset Marit Beate Kasin

Dato

Tid

Stad

Kvinnherad bibliotek og Naturvernforbundet inviterer til ein inspirerande kveld med forfattar og journalist Marit Beate Kasin, nominert til Brageprisen for boka Naturparadokset. Kasin tek oss med på ei reise gjennom norsk natur – frå villmark og fjell til hyttefelt og vindkraftutbygging – og set søkelyset på det store naturtapet vi står ovanfor i dag. Ho løftar fram dei vanskelege spørsmåla: Kan tapte naturområde restaurerast? Kva slags framtid vil vi overlate til neste generasjon? 

Det blir foredrag, drøs og servering av kaker. Velkomen til ein kveld med engasjerande samtale og refleksjon rundt natur, miljø og framtidstru! 

 Gratis og ope for alle! Men her kan bli fullt, så om du vil sikre deg ein plass er det lurt å ta ut ein billett i Hoopla.

Sikre deg billett