Netthets, kva gjer det med oss? Ope folkemøte om netthets

Dato

Tid

Stad

Kvinnherad bibliotek

Netthets råkar stadig fleire og påverkar både enkeltmenneske, lokalsamfunn og demokratiet vårt. Kvar går grensene for ytringsfridom, og kva konsekvensar har netthets for dei som blir råka?

Kvinnherad Arbeidarparti inviterer til ope møte og paneldebatt om netthets, der vi set søkelys på juridiske rammer, personlege erfaringar, skulen si rolle og media sitt ansvar.

I panelet møter du:

  • Sigurd Børve, sjef for politiet i Kvinnherad, som snakkar om dei juridiske sidene: kvar går grensene for det lovlege?
  • Kristine Marustad, tidlegare ordførar, som deler eigne erfaringar med netthets og kvifor ho valde å gje seg i politikken.
  • Kristian Bjørgen, lærar ved Kvinnherad vidaregåande skule (KVV)
  • Kvinnheringen og Grenda, som tek opp lokalavisene sitt ansvar og si rolle i møte med netthets.