Norsk røyndom: Blakk med Jens Kihl
Gjer deg klar til å bli rørt, sint og inspirert til å tenke nytt om ulikskap i Noreg! Forfattar og journalist Jens Kihl kjem til Kvinnherad bibliotek for å snakke om boka Blakk.
«Stort sett har det vore tverrpolitisk aksept for at nye generasjonar ungar skulle vekse opp med dårleg råd. Kva gjer det med eit barn å sjå at Noreg har pengar til nesten alt – berre ikkje til dei?» spør Kihl. Han vaks sjølv opp med ei mor som ofte var blakk, og opplevde kontrastane då familien flytta til Ullevål hageby på Oslos vestkant. I boka reflekterer han over desse erfaringane og samtalar med mora om korleis ho hadde det. Resultatet er ei skarp samfunnsanalyse og ei ærleg skildring av oppvekst og ulikskap.
Arrangementet er ein del av serien Norsk røyndom, der Kvinnherad bibliotek inviterer forfattarane bak bøkene til samtalar om viktige tema i den norske samtida. Serien gir unike innblikk i korleis samfunnsutviklinga påverkar kvardagen til folk.
Tusen takk til Bibliotekutvikling Vestland for prosjektstøtte.
