Norsk Røyndom: «Aldri god nok» av Jeswanthiny Mayooran
Kva skjer når draumen ikkje er din eigen? Jeswanthiny Mayooran tek oss med inn i ei verd der ambisjonar og forventningar frå foreldre formar livet til borna. For mange innvandrarar står legeyrket høgt på ønskelista, men kva kostar det når valet skjer under press? Jeswanthiny gav etter og valde medisinstudiet, trass i manglande interesse. I dag er ho overlege i psykiatri – men kva har det kosta henne? Gjennom boka Aldri god nok byr ho på eit ærleg og modig innblikk i den indre kampen mellom eigne ønske og kjærleiken til familien. Ei bok som vil treffe mange – både dei som har kjent på presset, og dei som ønskjer å forstå kva som ligg bak. Dette er det fjerde arrangementet i serien Norsk røyndom, der Kvinnherad bibliotek inviterer forfattarane bak bøkene til samtalar om viktige tema i den norske samtida. Serien gir unike innblikk i korleis samfunnsutviklinga påverkar kvardagen til folk. Velkomen til ein viktig og tankevekkande samtale! Tusen takk til Bibliotekutvikling Vestland for prosjektstøtte. Gratis og ope for alle.
