
Norsk røyndom: Har eg rettstryggleik. Med Jørn Øyrehagen Sunde
Jørn Øyrehagen Sunde, professor og prisvinnande formidlar, kjem til Kvinnherad bibliotek for å fortelje om boka «Har eg rettstryggleik? Han gir oss innsikt i korleis rettstryggleiken i Noreg kan påverke kvardagen vår. Arrangementet er det første i den nye serien Norsk røyndom – sprei ordet, som byggjer på Samlaget sin serie om aktuelle samfunnstema. Bøkene i serien er skrivne i eit lettfattleg og personleg språk, og tek opp viktige utfordringar i samtida. Vi håper å få i gang gode samtaler mellom foredragshalder og pulikum rundt viktige samfunnstema. Velkommen til ein tankevekkjande kveld på biblioteket.
Gratis billett
Gratis, men her kan det bli fullt, så det er lurt å sikre seg ein billett i dag.
Takk til Vestland fylkeskommune for prosjektstøtte.
Velkomen til arrangement på Kvinnherad bibliotek- eit bibliotek med stor takhøgd!