Norsk Røyndom: «Innanfor. Utanfor, men alltid autist» av Stine Hanssen Brattland
Kva vil det seie å leve som autist i dagens samfunn? Forfattaren bak boka Innanfor, utanfor – men alltid autist kjem til Kvinnherad bibliotek for å dele sine erfaringar og perspektiv. Det vert ein open og innsiktsfull samtale med forfattaren om inkludering og korleis vi kan forstå autisme på ein meir nyansert måte.
Dette er det femte arrangementet i biblioteket sin serie Norsk røyndom – sprei ordet, som løftar fram viktige tema frå samtida.
Tusen takk til Bibliotekutvikling Vestland for prosjektstøtte. Gratis og ope for alle.
