Norsk røyndom: Mone Celin Skrede- mi høgre hand- mot ein identitet som funskjonshemma
Dette er det andre arrangementet i serien Norsk røyndom, der Kvinnherad bibliotek inviterer forfattarane bak bøkene til samtalar om viktige tema i den norske samtida. Serien gir unike innblikk i korleis samfunnsutviklinga påverkar kvardagen til folk.
Mi høgre hand er ei bok som utfordrar og overraskar. Ho gir eit nært og personleg innblikk i korleis det er å vekse opp med ei høgrehand som er mindre enn den venstre – utan å identifisere seg som «funksjonshemma». Skrede skriv ope om identitet, tilhøyrsle og korleis ho har funne styrke i fellesskapet og «rørsla».
Mone Celin Skrede (f. 1991) kjem frå Hareid og har bachelor i journalistikk frå Høgskulen i Volda. Ho har jobba som journalist i Dag og Tid, Nationen og Aftenposten, og vore spaltist i Medier24. I dag arbeider ho med kommunikasjon i Uloba – ein organisasjon som fremjar likestilling for funksjonshemma og borgarstyrt personleg assistanse (BPA). Mi høgre hand er hennar første bok.
Tusen takk til Bibliotekutvikling Vestland for prosjektstøtte.
Gratis og ope for alle
