Jorids Sanseteater heading

Sanseteater

Dato

Tid

Stad

Kvinnherad bibliotek

Sanseteater for dei aller minste på biblioteket!

Velkomen til ei heilt spesiell teateroppleving for dei yngste Dette er ei skreddarsydd forestilling for barn 0–3 år, der sansane står i sentrum. Her får barna vere med på ei magisk reise gjennom lydar, lys, rørsle og stemningar – ei roleg og nær oppleving tilpassa dei minste si verd.
Teateret er utvikla av Jorid, som er utdanna barnehagelærar med lang erfaring i arbeid med barn. Sanseteateret hennar har vakse fram gjennom praksis og kreativ utforsking, og blir stadig vidareutvikla.

⏰ To framsyningar: • kl. 10.00 • kl. 11.00 Meld deg på den du vil på.

OBS: Maks 30 deltakarar per framsyning
📌 Obligatorisk påmelding

Dette er ei sjeldan moglegheit til å gi dei aller minste ein mjuk, sanselig og trygg inngang til teateret
Meld dykk på – plassane fyllest raskt!

Sikre deg billett:
kl 10:00 kl 11:00