Skapande kvinner i vest

Dato

Tid

Stad

Kvinnherad bibliotek

Det blir heilaften på biblioteket når Vokalensemblet mMokkat og Johanne Øvstebø Tvedten kjem denne onsdagen i slutten av oktober.

Konserten «Skapande kvinner i vest» vil løfta fram kvinnelege lyrikarar og komponistar, med særleg vekt på Signe Seim (1929-2023, Voss) si dikting, samt nyskriven musikk av komponist Kjersti Follesø (65, Bømlo). Seim hadde ein stor produksjon, men er ikkje så kjend utanfor heimbygda, og i relativt liten grad tonesett.
I tillegg vil dei ha med verk av andre kvinnelege diktarar som t.d. Inger Hagerup, samt verk av andre kvinnelege komponistar, som passar inn i heilskapen. Formidlar Johanne Øvstebø Tvedten vil binda det heile saman gjennom diktlesing og forteljingar om kvinnelivet på Vestlandet gjennom tida.
Gratis og ope for alle.