Skrivekurs med Truls Horvei
Bli med på eit inspirerande skrivekurs med Truls Horvei. Første del av kurset handlar om haiku – og dikt generelt. Truls gir ei kort innføring før deltakarane får skrive eigne tekstar. Vi rundar av økta med høgtlesing for dei som vil, i ein trygg og uformell atmosfære.
I andre del går vi over til prosa. Her arbeider vi med starten på ei forteljing: karakterar, handling, stemning og korleis ein byggjer opp ei kort forteljing – eller byrjinga på noko større. Du får konkrete tips, små skriveoppgåver og rom til å utvikle eigne idear.
Truls Horvei (f. 1957) er ein norsk forfattar og tidlegare journalist, med ei rekkje diktsamlingar og ungdomsbøker bak seg. Han er òg ein erfaren formidlar som held skrivekurs og haikuverkstadar over heile landet.
Påmelding i Hoopla. Pris: 50,-
