Sommarles 2025
Sommarles er ein lesekampanje for 1.-7. trinn, samt alle som skal byrja på skulen til hausten. Kampanjen startar 1. juni og varer til 31. august. For å bli med må foreldre oppretta profil for barnet på sommarles.no. Der kan ein registrere alle bøker som er lest av og saman med barnet frå 1.juni. (bøker/sider som er lest før 1. juni tel ikkje.) Når ein les samlar ein poeng som gjev rett til premiar på nivå 10, 20 og 30. Premiane kan hentast på biblioteket eller på bokbussen fram til 15. september.
På sommarles.no er det og høve til å lesa sommarlesforteljinga «Gåterullmysteria», løysa oppgåver som høyrer til forteljinga og registrere kodeord ein finn på biblioteket. Det kjem nytt kodeord kvar veke.
Bli med då vel! =)
![]()
