Plakat-heading

Sommarlesfest med Captain Frodo

Dato

Tid

Stad

Kvinnherad bibliotek

Biblioteket inviterer alle sommarlesarar til Sommarlesfest 29. august kl 11. I år får vi besøk av Captain Frodo, og kanskje det dryssar nokre ekstra premiar på nokre av sommarlesarane våre?

Captain Frodos Magiske Sirkus er ei morosam og magisk framsyning for born og familiar! Her blir det trylling, sirkuskunstar og mykje latter – med spanande publikumsdeltaking undervegs. Captain Frodo viser korleis fantasi og kreativitet kan gjera det umoglege mogleg, og oppmuntrar borna til å tru på eigne draumar og idear.

Verdsartisten Captain Frodo jobbar delar av året i Las Vegas med Cirque Du Soleil og er kjend fra Dyreparkens Sirkus Jesper.

Sikre deg gratis billett

Hugs å ta ut billett til både born og vaksne. Oppmøte 15 minutt før framsyning, visst ikkje går billetten vidare til neste i rekka.

Velkomen til arrangement på Kvinnherad bibliotek- eit bibliotek med stor takhøgd!