
Temakafé: Ventesorg
Me er glade for å kunne invitere til ein tankevekkjande kveld der me set søkjelys på ventesorg. Laila og Tarald Ueland, som sjølve har kjent på denne sorga, vil dele sine erfaringar med oss.
Ventesorg er eit omgrep som skildrar den vanskelege tida når ein veit at ein kjem til å miste nokon, men ikkje veit når det vil skje. Dette temaet er særleg aktuelt for pasientar, pårørande og helsepersonell, men alle interesserte er hjarteleg velkomne.
For å gjere kvelden ekstra triveleg, byr me på kaffi og kaker. Det vert òg songinnslag.
Arrangementet er gratis, og me gler oss til å sjå deg!
Arr: Diakoniutvalet i Kvinnherad, kreftkoordinator Marit Sjøvangen og Kvinnherad bibliotek.