Yoga & poesi
Velkommen til eit nytt tilbod på biblioteket- Yoga &poesi. Vi inviterer deg til å lande kropp og sinn med roleg yoga, restorativ og yin- med opplesing av dikt undervegs. Dette er eit høve til å finne ro etter ei travel arbeidsveke.
Lene er utdanna sjukeplaiar og yogainstruktør. Ho rettleier deg i avspenning, pust og yogastillingar. Du treng ikkje å ha gjort yoga før for å delta her.
Ta med deg yogamatte, teppe og ei lita pute(om det er vanskeleg å ligge flatt utan) Ha på deg lune klær. Har du yogablokker kan du ta det med òg.
Det er begrensa plass, så du må hente deg ut ein billett på Hoopla. Gratis.
Velkommen til arrangement på Kvinnherad bibliotek- eit bibliotek med stor takhøgd!