Frøbiblioteket

Det er viktig å merke seg at me tek ikkje imot frø frå framandartslista!

Enkle tips til korleis ein sår frø

  • Minidrivhus eller dyrkesett
  • Plastposar/lokk
  • Såjord
  • Merkepinnar
  • Dusjflaske
  • Potter og næringsrik blomejord til ompotting
  • Frøposar

Tidspunkt for såing varierar frå plante til plante (sjå såkalendar).

Følg anvisninga på frøpakken for å få riktig såtidspunkt og blomstingstid.

Illustrasjonsbilete. Frø som spirer

Slik sår du

  1. Minidrivhus eller potter fylles heilt opp med jord. Trykk lett slik at jorda blir lett fuktig, og hell så av overflødig vatn.
  2. Bruk Så- og kaktusjord. Den er tilpassa behovet for små spirer.
  3. Nokre frø er veldig små. For å sjå kvar dei landar, er det lurt å strø eit tynt sandlag på jorda.
    Mindre frø kan leggast i eit bretta papir og ristast forsiktig ut på jorda.
    Dei små frøa skal kun ha eit tynt lag med jord/sand over seg og 4-5 frø skal leggast i kvar potte.
    Store frø skal dekkast med 1-1,5cm jord og gjerne 2-3 frø saman i potta. Lag hol med ein pinne/blyant, slepp frøet nedi og fyll etter med jord.
  4. Dusj lett over frøa/jorda med dusjflaska.
  5. Ha over plastlokk eller klar plast støtta opp med pinnar.
  6. Pottene skal setjast lyst, men ikkje i direkte sollys. Temperaturen skal vera 20-24°C.
  7. Merk pottene med merkepinne påført plantenamn og sådato

Viktig!

Temperatur og lys styrer veksten. Det ideelle er godt med lys og ved temperatur 20-24°C. Høg temperatur og lite lys, gjev lange og slengete planter. Mykje lys og lav temperatur gjev små og puslete planter.

Hald plantene fuktige undervegs, men ved for mykje vatn, vil frøa rotne.

Etter kvart som spirene veks, er det nødvendig å lufte planta. Auk luftinga gradvis og fjern til slutt loket/plasten.

Når du ser 2-3 varige blad, er plantene klar for ompotting (prikling).

Tid for ompotting

  1. Fyll ny, næringsrik jord i litt større potter og vatne godt.
  2. Flytt plantene ved hjelp av ein liten flat pinne, ver forsiktig med røtene.
  3. Lag eit passe stort hol i jorda i den nye potta og sett planta forsiktig nedi.
  4. Trykk forsiktig jorda rundt planta. Planta skal setjast like djupt i jorda som den har stått før. Den neste planta skal setjast ved sida av den fyrste, så tett at blada nesten er borti kvarandre.
  5. Senk temperaturen til 17-18°C, men planta skal fortsatt ha mykje lys. Dersom plantene vert sett for varmt og med for lite lys, vil dei veksa for raskt og verta tynne og slengete.

Herding av plantene

Planter som er sådd, eller har overvintra inne, tåler ikkje å bli satt rett ut i den sterke vårsola. Plantene må difor få ei gradvis tilvenning til både temperatur og sol. Sett plantene ut nokre timar om dagen. Det bør vera vindstille og over 10°C. Fyrst nokre få timar i skyggen i nokre dagar, deretter nokre få timar i sol til halvskygge.

Auk antal timar i sola etter kvart.

Utplanting

Med unntak av stemor og tusenfryd, tåler ikkje sommarblomar eller dei fleste urter minusgrader. Når faren for nattefrost er over, er det tid for utplanting.

Sommarblomar krev mykje næring, så hugs å gjødsle plantene etter kvart som dei veks.

Lykke til med frøsåinga!