Framside Fanta og Dovendyret

Fanta og dovendyret : Stressmestring for barn

Forfattar:
Julia Pöyhönen
Omsetjar:
Mikael Holmberg
Illustratør:
Linnea Bellamine
Lån boka

Fanta og Dovendyret er andre bok i ein serie om elefanten Fanta. I denne boka gler alle dei små dyra seg til ein fest og styrer på med førebuingane. Stresset bygger seg opp i dei små, då dei er redd for å ikkje rekke alt i tide og redd for at ting ikkje vert perfekt. Dei vaksne dyra tek over styringa og sender barna på tur. Her møter dei Dovendyret som tek dei gjennom ei øving som får dei til å slappa av samt hjelp til å finna aktivitetar som kan vera avslappande.

Bokserien er utvikla av psykologar og er meint som eit verktøy for å styrka barna sin emosjonelle kompetanse.  Bøkene er todelt, der første del er ei historie ein les saman med barna, medan siste del er tips og øvingar til foreldre og andre omsorgspersonar om korleis ein kan møte barnet i liknande situasjonar.

Andre bøker i serien er:

Fanta og følelsene : følelsesmestring for barn

Fanta og baby Miu : om å få søsken

Boktips frå Cecilie Elisabeth

Kategorier: 
Boktips