Framside av boka: Kjære Pølsa : jeg må bli kjendis

Kjære Pølsa: jeg må bli kjendis!

Iris har funne verdens beste dekknamn til dagboka si; Pølsa. Storesøstera kjem ALDRI til å ville lese i noko som heiter det, etter den grusomme pølseepisoden på 17. mai.

I denne dagboka får me innblikk i Iris sitt liv på godt og vondt. Ein rød tråd gjennom boka er Iris si jakt på verdas nydelegaste gut. Korleis fange merksemda og hjartet hans?

Boka er lettlest og engasjerande. Tipp topp lesnad for mellomtrinnet. Føyer seg fint inn i rekka med til dømes «Det sykt flaue livet Lottie Brooks» og «Dustedagboka».

Omtalen er skriven av Cecilie Elisabeth, Kvinnherad bibliotek

Kategorier: 
Boktips til barn