Mia har forlatt chatten
- Forfattar:
- Sanne Mathiassen
- Illustratør:
- Kine Yvonne Kjær
Mia er til behandling for tvangslidelse på ein institusjon. Heime er familien i sorg og venninnene er usikre på kva som er beste måte å halde kontakten på. Sjølv orkar ikkje Mia tenkje på dei heime og føler dei som behandlar ho, ikkje forstår korleis dei skal hjelpe. På avdelinga er det fleire andre ungdommar med ulike utfordringar, og livet på avdelinga er prisgitt dei som til ei kvar tid er til stades. Kan ting bli betre?
Denne boka gjev eit lite innblikk i korleis det er å vera pasient, ha tvangslidelsar, vera ungdom, vera pårørande, vera behandlar, samt det å manøvrere seg sin eigen veg gjennom livet med sorg og skuld hengande over seg.
Boka er lettlest, sterk og ei påminning om kor viktig det er å vise at ein bryr seg, sjølv om det kan vere vanskeleg å vite korleis.
Omtalen er skriven av Cecilie Elisabeth, Kvinnherad bibliotek
