Framside på boka Oscar's Lion

Oscar’s Lion

Forfattar:
Adam Baron
Illustratør:
Benji Davies
Lån boka

Dette er ei koseleg, men samtidig ganske skummel forteljing for born som ikkje er lettskremde!

Oscar vaknar opp ein morgon og finn ikkje foreldra, men derimot ein stor løve på senga deira…han er visst den nye barnevakta, utan at Oscar heilt veit kor mor og far er blitt av. Men han har jo sine mistankar…

Etter kvart finn Oscar ut at løva kan forandre seg til mange forskjellige dyr og saman opplever dei mykje artig og har mange spanande eventyr i lag.

Ei varm og sjarmerande forteljing om sorg, sakn og vennskap mellom to ganske uvanlege typar. Nokre gongar hjelper det ikkje å gni deg i auga, det du ser er det du faktisk ser!

Boktips av Ingvild, Kvinnherad bibliotek