Papirflybursdag
- Forfattar:
- Annette Saugestad Helland
Kva gjer du når alt du drøymer om er eit stort bursdagsselskap og mamma seier at de ikkje har råd?
Jau, då lagar du sjølvsagt tusenvis av invitasjonar, brettar dei som papirfly og let dei flyge med vinden. Dei andre barna i barnehagen har store, flotte selskap, men Augusta si mor seier at det berre blir dei to i år. Augusta nektar å gje opp håpet om eit stort selskap, men vil ønsket hennar gå i oppfylling?
Dette er ei varm og tankevekkjande biletbok med fargerike illustrasjonar og muntleg språk. Boka eignar seg godt til høgtlesing, og inviterar til samtale og refleksjon rundt eit tema som kan vere gjenkjenneleg for mange barn. Biletbok for førskulebarn og småskulen.
Omtalen er skriven av Cora – Stryn Bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til barn