Patriot : En selvbiografi
- Forfattar:
- Aleksej Navalnyj
- Omsetjar:
- Gunnar Nyquist
Dette er ei sterk og særs trist bok, samtidig som den er både oppløftande og til tider ganske morosam, om det er mogeleg då…
Vi kjenner alle slutten på Navalnyjs eige liv og dette gjer hans meget personlege beretning spesielt tung å bere for lesaren. Hans intelligens, karisma, evna til å kunne utstå store prøvelsar og hans uomtvistelege mot og moralske kompass skin igjennom frå fyrste side. Som Dasha, dottera hans har sagt: ‘Min far var en mann med mot. Han var fryktløs fordi han forsto viktigheten av sin kamp – for demokrati, åpenhet og sannhet.’
Han byrjar boka med å fortelje om den fyrste forgiftinga, då han trudde han var i ferd med å døy. Sterk kost. Han kjem seg etterkvart på beina igjen, og vendar likevel tilbake til Russland…til fengsel og død..
Han fortel om barndom og familieliv med bror, far som var offiser og ei mor som var økonom. Dei flytta rundt, men budde stort sett i nærleiken av Moskva. Han beskriv korleis Tsjernobyl- katastrofen opplevdes i Russland og spesielt hos deler av familien i Ukraina. Så får vi høyre om advokatkarrieren og korleis han blei politisk interessert, møtet med kona Yulia og livet som regimekritikar og politikar i Russland. Og til sist livet som straffange i forskjellige fangeleirar rundt omkring i landet. Vi får høyre historia med hans eigne ord, heilt fram til nokre få veker før han døydde. Aleksej Navalnyj var ein særs underhaldande forteljar, med mykje sjølvironi om det aller meste. Veldig sterke inntrykk.
Dette er ein viktig og ikkje minst inspirerande bok, så ver så snille å lese den!
Omtalen er skriven av Ingvild, Kvinnherad bibliotek
