Framside av boka Slemme jenter av Monica Goksøyr

Slemme jenter

7 noveller med freske jenter i hovudrolla. Vi møter jenter som kjenner seg einsame og utanfor. Nokre jaktar spenning i kvardagen, mens andre leitar etter meininga med livet – men finn ho kanskje på feil plass. Nokre er skada individ og skadar såleis andre i tillegg.

Her var det mykje å både le og gråte av, kanskje himle litt med auga òg. Goksøyr skriv veldig godt. Teksten er på nynorsk. Språket er usminka, brutalt ærleg og skjuler fint lite. Fleire av jenteskjebnane er triste og karakterane spesielle. Eg likte boka godt, og den passar særs godt til høgtlesing.

Bokmelding av Ingvild

Kategorier: 
Boktips